Back to Search
Start Over
Hurtigpraksis – ein entreprenøriell respons på opplevd yrkesdistanse
- Source :
- Uniped, Vol 41, Pp 29-41 (2018)
- Publication Year :
- 2018
- Publisher :
- Universitetsforlaget, 2018.
-
Abstract
- Samandrag Artikkelen ser på det studentinitierte tiltaket Hurtigpraksis (HP) driven av og for studentar på arkitektutdanninga. Initiativet oppstod som ein respons på ei utdanning mange studentar oppfattar som tradisjonell og med lite kontakt med den verkelege verda. Sentrale styremakter og studiar tar på grunn av dette til orde for meir entreprenøriell læring i utdanninga, og ein nærare relasjon til yrkeslivet. Målet med studien er å studera desse utspela frå eit studentperspektiv. Artikkelen bidreg i diskusjonen om verdien av entreprenøriell læring utanfor tradisjonell marknadstankegang. HP engasjerar studentar i arkitekturpraksis gjennom eit årleg to-vekers program med korte praksisar og vitjing på ulike kontor og institusjonar. I tillegg deltar studentane i faglege diskusjonar og seminar. Utgangspunktet for studien er intervju og observasjon av grunnleggjarar, arrangørar og deltakarar i HP. Studien gir innsikt i korleis studentane ser på seg sjølv i møte med profesjonen og kva erfaringar dei får i å utvikle entreprenørielle dugleikar gjennom HP. Artikkelen gir eit blikk inn i ei studentrøynd der uvissa kring arkitektrolla er gjeldande. Studentane gir uttrykk for at utdanninga har utfordringar med tanke på å førebu dei til framtida, og at dei i liten grad får høve til å eksperimentera med ulike metodar for læring i nær kontakt med profesjonen.
Details
- Language :
- Danish, English, Norwegian, Swedish
- ISSN :
- 18938981
- Volume :
- 41
- Database :
- Directory of Open Access Journals
- Journal :
- Uniped
- Publication Type :
- Academic Journal
- Accession number :
- edsdoj.63cea184203f4e23b28c4a7cd6b90b0f
- Document Type :
- article
- Full Text :
- https://doi.org/10.18261/issn.1893-8981-2018-01-03