Back to Search Start Over

Sagbruksproduksjon i Noreg 1610–63

Authors :
Folke Forfang
Source :
Heimen, Vol 58, Iss 4, Pp 315-342 (2021)
Publication Year :
2021
Publisher :
Scandinavian University Press/Universitetsforlaget, 2021.

Abstract

Samandrag Sagbruksdrifta i Noreg starta rundt år 1500 med eit tyngdepunkt rundt Oslofjorden frå Agder til Østfold. Basert på oppteljingar av talet på sager har litteraturen til no rekna dette som situasjonen gjennom heile 1500- og 1600-talet. Ei sag som produserte 10 sagbord i året, vart etter denne teljemåten likestilt med ei sag som produserte 1 000 sagbord i året. I denne artikkelen blir derimot den faktiske produksjonen i dei ulike landsdelane samanlikna ut frå ein gjennomgang av skattelistene for heile Noreg. Denne gjennomgangen viser nokså uventa at produksjonen i Trondheim len var større enn i resten av landet samla frå 1620 og fram til midten av 1600-talet, trass i at det var dobbelt så mange sager i resten av Noreg som i Trondheim len. I Trondheim len var det ei stor overvekt av profesjonelle sageigarar med store sager og heller få bondesager. I resten av landet var andelen bondesager mykje større, og bøndene hadde gjerne sagbruksdrifta som ein liten tilleggssyssel til gardsdrifta. Gjennomsnittleg sagstørrelse var derfor mykje større i Trondheim len enn i resten av landet.

Details

Language :
Bokmål, Norwegian; Norwegian Bokmål, Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian
ISSN :
18943195 and 00179841
Volume :
58
Issue :
4
Database :
Directory of Open Access Journals
Journal :
Heimen
Publication Type :
Academic Journal
Accession number :
edsdoj.57821bff66a54f4fb833e14067274e60
Document Type :
article
Full Text :
https://doi.org/10.18261/issn.1894-3195-2021-04-03