Back to Search Start Over

Miljøtiltak i Gaupåsvatnet i samband med planlagt E16 mellom Arna og Vågsbotn

Authors :
Velle, Gaute
Gabrielsen, Sven-Erik
Haave, Marte
Wiers, Tore
Source :
LFI-234
Publication Year :
2014
Publisher :
Uni Research Miljø, 2014.

Abstract

Det føretrekte trasevalet for ny E16 mellom Arna og Vågsbotn går over Gaupåsvatnet. Statens vegvesen ynskjer bistand til å sikre akseptable konsekvensar på naturmiljøet i vatnet. For å kunne vurdera konsekvensane bør alle negative påverknader sjåast i samanheng. Dei antatt største kjeldene for reduksjon av den økologiske statusen i Gaupåsvatnet etter bygging av ny E16 vil vera variasjon i vasstand som fylgje av regulering, oppdeling av vatnet som fylgje av ny E16, øydelagde fugleøyer, tilsig av miljøgifter frå gamle fylling ar og organisk belastning. Det er fleire nedlagte avfallsdeponi i nedslagsfeltet til Gaupåsvatnet. For å finne ut om bygging av ny veg kan føre til remobilisering av miljøgift, blei konsentrasjonen av miljøgift analysert i sediment og i fisk. Resultata tilseier at det ikkje er sannsynleg at skadelege konsentrasjonar av miljøgift skal remobiliserast. Det var noko høge verdiar av bly og nikkel i sedimenta, men innhaldet av metall eller andre stoff i fisken er så lavt at det tru leg ikkje er til fare verken for fisken eller menneska som eter den. For å unngå negative effektar som fylgje av at ny veg deler opp vatnet bør det sytast for god gjennomstrøyming av vatn. Dette vil redusera risikoen for eutrofiering. Det bør lagast ein kulvert i den grunnare delen av Gaupåsvatnet mot vest. Vidare bør ein unngå at området nord for vegen vert fylt med massar og sikre at botnvatnet i den djupaste delen av vatnet kan strøyme mellom bassenga. Detaljar for utforming er gjeve i rapporten. Effektive avbøtande tiltak vil vera å sikre stabil vasstand og opne for oppvandring av anadrom fisk. Vidare bør ein vurdera å lage nye øyer som habitat for fugl, i staden før øyane som vert øydelagt. Det er i dag eit rikt fugleliv på øyane i Gaupåsvatnet, mellom anna med strandsnipe og hekkande fiskemåke.

Details

Language :
Norwegian
Database :
OpenAIRE
Journal :
LFI-234
Accession number :
edsair.nora.uio..no..e7b6f722e29722b928f2ceb9474d2217