Back to Search Start Over

Økonomisk vekst treng ikkje gi dårlegare miljø

Authors :
Bruvoll, Annegrete
Flugsrud, Ketil
Medin, Hege
Publication Year :
1999
Publisher :
Statistisk sentralbyrå, 1999.

Abstract

Økonomiske analyser er tilgjengelige via www.ssb.no Dei siste tiåra har det skjedd store endringar i luftureininga i Norge. Utsleppa av svovel, bly og andre tungmetall har gått dramatisk ned, utsleppa av klimagassar og NOx har vokse ufortrødent, medan andre utslepp har halde seg rimeleg stabile. I denne artikkelen drøfter vi kva som har vore drivkreftene bak utviklinga frå 1980 til 1996. Analysen viser at den økonomiske veksten åleine bidreg til ein auke i alle utsleppa på nesten 60 prosent. Men auka energieffektivitet og andre teknologiske framsteg har bremsa veksten, slik at ein samla sett har enda opp med ein reduksjon i nokon utslepp og med ein vekst som har vore langt svakare enn veksten i BNP for andre. For dei utsleppa som har gått mest ned, det vil seie bly og SO2, har teknologisk utvikling som har gitt erstatningsstoff for bly og reinseteknologi for SO2 dominert over dei andre komponentane. For dei utsleppa som har gått mest opp, det vil seie CO2 og NOx, har effekten av økonomisk vekst vore dominerande.

Details

Language :
Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian
Database :
OpenAIRE
Accession number :
edsair.dedup.wf.001..b43aee3b03182febab6902ec1fd528bc