Back to Search
Start Over
Virtuelle Eksperter i Team - VEiT Pilotprosjekt H2018-V2021 NTNU
- Publication Year :
- 2021
- Publisher :
- Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2021.
-
Abstract
- Pilotprosjektet VEiT (Virtual Experts in Teamwork) har hatt som mål å utarbeide eit rammeverk for korleis emne Eksperter i Team (EiT) på ein god måte kan gjennomførast i ein fleksibel, og virtuell kontekst. Gjennom tre år har eit VEiT-rammeverk vorte utprøvd, og utbetra årleg. Kvart år i prosjektperioden har tilbakemeldingar frå studentar og fasilitatorteam i landsbyane vorte innhenta, og brukt for å utbetre rammeverket til det neste studieåret. Eigen VEiT-spesifikk opplæring for landsbyleiarar og læringsassistentar vart utarbeida og gjennomført, for å introdusere fasilitatorteama til rammeverket, og virtuell fasilitering. Eigne ressursar med forslag til gjennomføring av øvingar og landsbydagar er også utarbeida for å støtte arbeidet til fasilitatorteama i vårsemesteret. Våren 2021 har det vorte gjennomført ein systematisk datainnsamling frå 12 VEiTpilotlandsbyar, og fleire intervju med studentar, læringsassistentar og undervisningsassistentar. Det har også vore gjennomført ei spørjeundersøking for VEiT-landsbyleiarar. I tillegg har VEiT-relevante spørsmål vore ein del av studentundersøkinga, so data derifrå har gitt meir innsikt i korleis studentane opplever det digitale læringsmiljøet i VEiT, og i kor stor grad dei sjølv meiner læringsmåla i emnet er oppfylt. Resultat frå datainnsamlinga indikerer at det utvikla rammeverket fungerer bra for å gjennomføre og oppnå læringsmåla i EiT i eit virtuelt læringsmiljø. Vidare utvikling av rammeverk og ressursar er tilrådeleg. Virtuelle Eksperter i Team - VEiT Pilotprosjekt H2018-V2021 NTNU
Details
- Language :
- Norwegian
- Database :
- OpenAIRE
- Accession number :
- edsair.dedup.wf.001..a430b6d8fea8476f5a31dc9d06b0de20