Back to Search Start Over

Evaluering av forsøksordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune

Authors :
Folkestad, Bjarte
Bjørdal, Fredric Holen
Sandvik, Elise Hjelle
Aarøe, Marthe Alnes
Source :
Skriftserien
Publication Year :
2023
Publisher :
Høgskulen i Volda, 2023.

Abstract

Denne rapporten handlar om nærdemokrati. Gjennom ein analyse av ordninga med kommunedelsutval i Ålesund kommune ser me nærare på kva erfaringar som er gjort med ordninga kommunedelsutval i Ålesund kommune. Rapporten bygger på to masteroppgåver skrivne av Fredric Holen Bjørdal (2022) og Elise Hjelle Sandvik (2022). Begge oppgåvene vart ferdige juni 2022. I tillegg bygger rapporten på arbeid frå masteroppgåva til Marthe Alnes Aarøe (planlagt levert 2023) og analysar av spørjeundersøkingar blant medlemmar i kommunedelsutvala. Rapporten er strukturert på fylgjande måte: me startar i kapittel 2 med å definere kva eit kommunedelsutval er, og prøver å plassere denne organisasjonsforma i ein lokaldemokratisk og kommunalpolitisk samanheng. Deretter skriv me i kapittel 3 om tidlegare forsking på kommunedelsutval eller tilsvarande nærdemokratiske ordningar. I kapittel 4 skildrar me datagrunnlaget for rapporten. Kapittel 5 ser nærare på utforming av kommunedelsutvala og viser resultat frå ein analyse basert på kartlegging av sakene som er tekne opp i møta. Kapittel 6 er ei drøfting av dei rettslege rammene, politiske føringar og erfaringar av kommunedelsutval sett frå politisk leiing sin ståstad. Kapittelet 6 bygger på masteroppgåva til Fredric Holen Bjørdal. I kapittel 7 er det ungdomen sine perspektiv som vert løfta fram, gjennom ei oppsummering av dei viktigaste funna frå masteroppgåva til Elise Hjelle Sandvik. Kapittel 8 omhandlar analysar av spørjeundersøkingar som er gjennomførte blant medlemmane i kommunedelsutvala. Rapporten avsluttar med ei oppsummering og framlegg til vidare forsking på temaet.

Details

Language :
Norwegian
Database :
OpenAIRE
Journal :
Skriftserien
Accession number :
edsair.dedup.wf.001..67e774ab9a411b18c510c08aed7a62c6