Back to Search
Start Over
Potensiell karbonmengd i ulike areal- og naturtypar i Kinn kommune, Vestland
- Publication Year :
- 2021
- Publisher :
- NTNU Vitenskapsmuseet, 2021.
-
Abstract
- Rapporten gir eit oversyn over hovudnaturtypane i Kinn kommune og eit estimat på mengda karbon som er lagra per arealeining i ulike terrestriske naturtypar. Kinn kommune har eit landareal på 811 km². Av dette er om lag 317 km² (39 %) skogkledd. Lågproduktiv kystfuruskog, hovudsakleg røsslyng-blokkebærskog, utgjer det meste av skogarealet. Myr dekkjer om lag 22 km² (2,7 %). I tillegg kjem skogkledd myr og myr som er drenert og dyrka opp, eller brukt til skogreising, totalt om lag 28 km² (3,5 %). Flatmyr, bakkemyr og planmyr er dei vanlegaste myrtypane, medan nedbørmyr og fattig jordvassmyr er dei vanlegaste vegetasjonstypane. Det finst ingen arealoppgåver over semi-naturleg mark i kommunen, men naturtypen utgjer truleg fleire titals km², og arealmessig utgjer kystlynghei størsteparten. Naturleg opne område under skoggrensa (altså areal som ikkje er jordbruksmark, skog, myr eller semi-naturleg mark) utgjer noko meir, men heller ikkje her fins det gode tal. Om lag 14,5 km² (1,8 %) av landarealet er jordbruksmark, av dette er 4,1 km² (0,5 %) overflatedyrka. Estimering av mengda karbon i dei ulike terrestriske naturtypane er i stor grad basert på modellerte data eller ekspertvurderingar. Mengda informasjon varierer sterkt mellom hovudøkosystema. Mest dokumentasjon finn ein for skog der data frå Landskogstakseringa dannar grunnlaget, men sjølv for skog er ikkje datatettleiken høg nok til å gi nøyaktige estimat på karboninnhaldet på kommunenivå. I tillegg til bruk av eksisterande data vart det i august 2021 gjennomført eigne feltundersøkingar med måling av jordsmonndjupne og biomasse i ni skog- og fire myrlokalitetar. Hovudformålet med dette var å finne ut om dei eksisterande, generaliserte eller modellerte dataene samsvarer med konkrete undersøkingar i hovudnaturtypar som dekkjer stort areal (skog) eller har stort potensiale for lagring av karbon (myr). Undersøkingane vart gjennomførte på Svanøy som har store areal med dei vanlegaste skogstypane i kommunen og ulike myrtypar innan eit avgrensa areal. Øya ligg dessutan litt inn frå kysten slik at den representerer eit gjennomsnitt av kommunen med omsyn på klimatilhøve. I tillegg vart det gjennomført nokre undersøkingar av høgareliggande bakkemyrer lengst aust i kommunen. Basert på eksisterande dokumentasjon og våre eigne undersøkingar estimerer vi den potensielle karbonmengda i skog til å variere frå 12 kg/m² i hogstflater til 47,5 kg/m² i eldre granplantefelt. Hovuddelen av skogarealet har ei potensiell karbonmengd på rundt 20 kg/m² (snitt 20,1, median 19,4). Av dette utgjer karbonmengda under bakken i snitt rundt 16,5 kg/m² (ca. 80 %). Karbonmengda i myr varierer sterkt og her er djupna på torva og kor omdanna torva er, avgjerande. Sterkt omdanna torv vil ha ein høgare tettleik og ei høgare volumvekt, og dermed høgare karboninnhald enn lite omdanna torv. Våre undersøkingar i Kinn syner at karboninnhald per m² for torvjord ligg mellom 35-250 kg C eller meir, og ein kan temmeleg sikkert rekne med eit snitt på 60 kg C/m² for 1 m djup torv (1 m³ med torv). For djupare myrer, t.d. 2 m djupe i snitt, vil karbonmengda ligge på 90-140 kg/m² avhengig av volumvekta Det vart ikkje gjort undersøkingar av karboninnhald i semi-naturleg mark i Kinn, men våre undersøkingar av jord i dei skrinnaste røsslyng-blokkebærfuruskogane kan samanliknast med det ein vil finne i jordsmonnet i kystlynghei. Dersom vi legg til grunn at 80-90 % av karbonet ligg i jordsmonnet vil det i så fall gi ei karbonmengd på 6-7 kg/m². På bakgrunn desse undersøkingane og ein gjennomgang av litteraturen estimerer vl karbonmengda i kystlynghei i Kinn til mellom 6 og 20 kg/m², men det er ikkje datagrunnlag for å differensiere karbonmengda mellom ulike areal av kystlynghei. Ut frå tilgjengeleg dokumentasjon er det grunn til å tru at karbonmengda i semi-naturleg eng ligg om lag på same nivå som kystlynghei eller litt høgare. Basert på estimata over potensiell karbonmengd for ulike naturtypar er det utarbeidd eit kartdatasett som vil gi ein peikepinn på mengda karbon lagra i ulike areal av Kinn kommune. Til slutt i rapporten blir det gitt ei oversikt over ulike sider ved restaurering av myr for å få ned utslepp av CO2, og kva prinsipp som ligg til grunn for å lukkast med restaureringa. Det blir nemnt nokre døme på potensielle lokalitetar i kommunen som kan eigne seg for restaurering
Details
- Language :
- Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian
- Database :
- OpenAIRE
- Accession number :
- edsair.dedup.wf.001..1095fb394a5a856b33bc6fd2137e1722