Back to Search Start Over

Pulmonologists' experiences with palliative sedation for terminally ill patients.

Authors :
Schaufel MA
Førde R
Sigurdardottir KR
Miljeteig I
Source :
Tidsskrift for den Norske laegeforening : tidsskrift for praktisk medicin, ny raekke [Tidsskr Nor Laegeforen] 2024 Oct 30; Vol. 144 (13). Date of Electronic Publication: 2024 Oct 30 (Print Publication: 2024).
Publication Year :
2024

Abstract

Bakgrunn: Legeforeningen har utarbeidd retningslinjer for lindrande sedering i livets sluttfase, sist revidert i 2014. Vi ville undersøke lungelegar sin kjennskap til retningslinjene og bruk av lindrande sedering ved lungesjukdomar.<br />Materiale Og Metode: Eit elektronisk spørjeskjema blei sendt til alle medlemmer av Norsk forening for lungemedisin (529 legar) i oktober 2022. Svara blei analysert med deskriptiv statistikk, og fritekstkommentarane blei analysert ved systematisk tekstkondensering.<br />Resultat: Totalt 50 legar svarte (9,5 %). 22 hadde kjennskap til retningslinjene, og eit mindretal meinte desse var tydelege og gav god støtte. 37 oppgav at lindrande sedering blei gjennomført der dei jobba, men det var stor variasjon i kor ofte. 25 av deltakarane hadde vore med på å gjennomføre lindrande sedering ein eller fleire gonger, og 19 hadde opplevd etiske utfordringar relatert til dette. Sederinga vart oftast utført hjå pasientar med lungekreft ved intraktabel dyspné og smerter, men også hjå andre sjukdomsgrupper. Avgjerda vart stort sett tatt i tverrfagleg fellesskap, og fritekstkommentarane utdjupa at dette gav støtte og tryggleik. Det vart påpeikt ein krevjande grenseoppgang mot dødshjelp, og ønskje om at gråsonene kunne utdjupast meir i retningslinjene.<br />Tolking: Definisjonen av lindrande sedering blir framleis oppfatta ulikt og kan framstå uklar. Det kan moglegvis vere til hjelp å legge til diagnosespesifikke råd ved revisjon av gjeldande retningslinjer.

Details

Language :
Norwegian; English
ISSN :
0807-7096
Volume :
144
Issue :
13
Database :
MEDLINE
Journal :
Tidsskrift for den Norske laegeforening : tidsskrift for praktisk medicin, ny raekke
Publication Type :
Academic Journal
Accession number :
39498652
Full Text :
https://doi.org/10.4045/tidsskr.23.0778