Denne artikkelen tek føre seg forholdet mellom fag og grunnleggjande ferdigheiter. Gjennom ein analyse av Kunnskapsløftets fagplanar for norsk og musikk freistar eg å vise korleis dei grunnleggjande ferdigheitene er integrerte i faga på ulike måtar. Norskfaget er konstruert som eit literacyfag der det faglege innhaldet i nokon grad kan synast å vere underordna oppøvinga av grunnleggjande ferdigheiter. I musikkfaget er dei grunnleggjande ferdigheitene betre integrert i det musikkfaglege, og faget står tydelegare fram. Det er dermed grunn til å hevde at dei grunnleggjande ferdigheitene ikkje berre inngår i faga på fagas premiss slik rammeverket legg opp til. Det er òg slik at fagkonstruksjonane i varierande grad er tilpassa dei grunnleggjande ferdigheitene. Nøkkelord: læreplanar, norskfaget, musikkfaget, grunnleggjande ferdigheiter, literacy, fagspesifikke ferdigheiter Abstract This article discusses the relationship between subjects and basic skills. Through an analysis of The Knowledge Promotion’s curricula for Norwegian language arts and music, I show how the five basic skills identified in the Knowledge Promotion are integrated into the subjects in different ways. Norwegian is designed as a literacy subject, where the subject content to some extent appears to be subordinated to the development of basic skills. In music, the basic skills are better integrated into the subject, and the subject stands out more clearly against the background. One may thus reasonably claim that the basic skills are not only included in the subjects on the subject’s terms, which is the aim of the framework. The subjects are to varying degrees adapted to the basic skills. Keywords: curriculum, basic skills, literacy, subject-spesific literacy, language arts, music