1. Prøvefiske i fem kalka innsjøar i Aurskog-Høland, Akershus, i 2010
- Author
-
Kleiven, Einar, Håvardstun, Jarle, and Kleiven, Einar - Project manager
- Subjects
oslo og akershus ,acidification ,perch ,åbor ,kalking ,Matematikk og naturvitenskap: 400 [VDP] ,forsuring ,liming ,oslo and akershus - Abstract
Fem kalka innsjøar i Aurskog-Høland (Aurset, Stiktjern, Trysjøen, Lyseren og Hallangen) er prøvefiska. På grunn av kalking har alle innsjøane hatt god vasskjemi dei siste åra. I Aurset var det i 2010 middels fangst av aure sett i forhold til tidlegare prøvefiske. Det var liten åborfangst, med innslag av svært gamal fisk, dei eldste på 27 og 29 år. Veksten var svært dårleg på fisk som ikkje hadde gått over på fiskeføde. I Stiktjern var det svært liten fangst av åbor og gjedde. Veksten til åboren var svært dårleg. I Trysjøen var det litt under gjennomsnittleg åborfangst. Det var veksling mellom sterke og svake aldersgrupper. I Lyseren var åborfangsten over gjennomsnittet. Det var innslag av fisk over 30 cm. I Hallangen var det ein god åborbestand, der fangsten var nesten dobla samanlikna med tidlegare prøvefiske. I Hallangen vart det også fanga ei gjedde og to krøkler (slom). Krøkle er ikkje registrert tidlegare i Hallangen. Veksten på åboren var svært dårleg i Aurset og Stiktjern og under middels for Hallangen, Lyseren og Stiktjern. For åbor som hadde gått over på fiskediett, var det ein god vekstauke. Direktoratet for naturforvaltning v7 Hanne Hegseth
- Published
- 2011