I denne oppgåva gjer eg ein økokritisk analyse av Kathleen Rani Hagens roman Grunnleggende plantediversitet (2018), og Erlend Loes roman Dyrene i Afrika (2018). Dei to romanane blir analyserte ut frå ein hypotese om at dei formidlar tankar rundt forholdet mellom menneske og natur. I Grunnleggende plantediversitet blir fokuset retta mot relasjonen mellom menneske og plantar, og eg ser romanen i lys av dei litterære kategoriane pastorale og post-pastorale. Deretter argumenterer eg for at det er tenleg å knytte romanen vidare opp mot Arne Næss sin djupøkologi. Romanen sin eg-person går gjennom ei utvikling som kan koplast opp mot Næss sine tankar om identifisering med naturen. Ei slik identifisering skapar sjølvrealisering for eg-personen, noko som inneber eit utvida sjølv, der naturen og alt anna liv blir omfatta. Vidare drøftar eg i kva grad ei slik sjølvrealisering kan skape endringar i måten menneske ser naturen på. I analysen av Dyrene i Afrika ser eg nærmare på korleis bruken av antropomorfismar og zoomorfismar fortel noko om korleis menneske og dyr blir skildra som framande for kvarandre. Dette ser eg deretter i lys av Timothy Morton sine tankar om korleis alle vesen er del av eit enormt nettverk, kalla the mesh. Måten Loes roman framhevar det mørke og satiriske knyter eg også opp mot Morton, og argumenterer for at litteratur som presenterer naturen gjennom mørke og sjokkerande skildringar, kan få oss til å sjå ting på ein annan måte. Avslutningsvis presenterer eg ei kort drøfting som ser nærmare på skjønnlitteraturen si evne til å formidle eit bodskap. Det er fleire moglege svar på denne problemstillinga, men begge dei to romanane kan potensielt seie noko om den gryande klimakrisa vi står overfor.